Menneske er heilt avhengige av naturen. Når naturens økosystem øydeleggast, kan dei ikkje lengre tilby oss livsviktige tenester som mat, reint vatn, energi og regulering av klima.

Likevel held vi fram med å skade helsa til jordas økosystem. Forureining, klimaendringar og tap av biologisk mangfald, er alle resultat av menneskelege aktivitetar.

Klikk på eit delmål for å lese meir om det under

  • Delmål 15.1)

    Innen 2020 bevare og gjenopprette bærekraftig bruk av ferskvannsbaserte økosystemer og tjenester som benytter seg av disse økosystemene, på land og i innlandsområder, særlig skoger, våtmarker, fjell og tørre områder, i samsvar med forpliktelser i internasjonale avtaler

  • Delmål 15.2)

    Innen 2020 fremme innføringen av en bærekraftig forvaltning av all slags skog, stanse avskoging, gjenopprette forringede skoger, og i betydelig grad øke gjenreising og nyplanting av skog på globalt nivå

  • Delmål 15.3)

    Innen 2030 bekjempe ørkenspredning, restaurere forringet land og matjord, inkludert landområder som er rammet av ørkenspredning, tørke og flom, og arbeide for en verden uten landforringelse.

  • Delmål 15.4)

    Innen 2030 bevare økosystemer i fjellområder, inkludert det biologiske mangfoldet der, slik at de skal bli bedre i stand til å bidra til en bærekraftig utvikling

  • Delmål 15.5)

    Iverksette umiddelbare og omfattende tiltak for å redusere ødeleggelsen av habitater, stanse tap av biologisk mangfold og innen 2020 verne truede arter og forhindre at de dør ut

  • Delmål 15.6)

    Fremme en rettferdig og likeverdig deling av godene knyttet til bruk av genressurser, og fremme formålstjenlig tilgang til slike ressurser i tråd med internasjonal enighet

  • Delmål 15.7)

    Iverksette umiddelbare tiltak for å stanse krypskyting og ulovlig handel med vernede plante- og dyrearter, og håndtere både tilbuds- og etterspørselssiden ved handelen med ulovlige produkter fra viltlevende dyr

  • Delmål 15.8)

    Innen 2020 innføre tiltak for å unngå innføring og spredning av fremmede arter for å redusere fremmede arters påvirkning på land- og vannbaserte økosystemer i betydelig grad, og dessuten kontrollere eller utrydde prioriterte fremmede arter

  • Delmål 15.9)

    Innen 2020 integrere verdien av økosystemer og biologisk mangfold i nasjonale og lokale planleggingsprosesser, i strategier for fattigdomsbekjempelse og i regnskap

  • Delmål 15.a)

    Mobilisere en betydelig økning i finansielle ressurser fra alle kilder for å bevare og utnytte biologisk mangfold og økosystemer på en bærekraftig måte

  • Delmål 15.b)

    Mobilisere betydelige ressurser fra alle kilder og på alle nivåer for å finansiere en bærekraftig skogforvaltning, og sørge for virkemidler som er egnet til å fremme slik forvaltning i utviklingslandene, blant annet virkemidler for bevaring og nyplanting av skog

  • Delmål 15.c)

    Øke den globale støtten til tiltak for å bekjempe krypskyting og ulovlig handel med vernede arter, blant annet ved å styrke lokalsamfunnenes evne til å benytte de muligheter som finnes for å opprettholde et bærekraftig livsgrunnlag

Sjølv om ei rekke land har sett i gang tiltak for å sørgje for ein meir rettferdig bruk av naturressursane sine, er ikkje desse tiltaka gode nok. Alvorlighetsgrada av situasjonen jordkloten står i, krev akutt handling, for å stanse tapet av biologisk mangfald og for å verne livsviktige økosystem.

Korleis ligg verda an?

Skogar dekkar nesten 31 prosent av landoverflata på jorda, og gjer mat og ly til over 80 prosent av alle planter, dyr og insekt. Likevel hoggast dei ned i eit alarmerande tempo. Kvart år avskogar vi rundt 10 millionar dekar – eller 1,14 fotballbanar kvart minutt.

  • Verda står overfor ein trippel krise med klimaendringar, forureining og tap av biologisk mangfald.
  • Mellom 2000 og 2020 gjekk andelen skogareal ned frå 31,9 til 31,2 prosent av det totale landarealet. Det gjer eit netto tap av skogareal på nesten 100 millionar hektar.
  • Jordbruket stod for nesten 90 prosent av avskoginga, kor dyrka mark utgjorde 49,6 prosent og husdyrbeiter 38,5 prosent.
  • Over 44 000 artar, eller 28 prosent av nesten 160 000 vurderte artar, er for tida truga.
  • Ulovleg handel med dyreliv er eit vedvarande problem, til trass for to tiår med samordna handling på internasjonalt og nasjonalt nivå. Frå 2015-2021 har den ulovlege handelen ramma rundt 4000 plante- og dyreartar, i 162 land og territorium.

Sjølv om avskoginga har gått noko ned, er det totale skogtapet i verda framleis høgt. Omgjering av skog til landbrukareal, husdyrbeiter og soya- og palmeoljeplantasjar er blant dei største årsakene. For å redusere avskoginga må vi sjå på svakheiter i produksjonssystemet, men samstundes ivareta kritiske behov som matsikkerheit, inntekt og eigedomsrettar for lokalsamfunn.

Klimaendringar, auka etterspørsel etter animalske produkt og ulovleg handel med dyreliv, kan alle bidra til ei auking av infeksjonssjukdommar som kan overførast frå dyreliv til menneske. Berre dei to siste tiåra har slike sjukdommar forårsaka økonomiske tap på meir enn 100 milliardar dollar, utan at kostnadane for Covid-19-pandemien er inkludert.

Kjelde: FNs berekraftsmålrapport 2024

Regnskogar bidrar til å stabilisere klimaet, har ein kjølande effekt og forsyner heile kontinent med regn. Foto: iStock/AvigatorPhotographer

I berekraftsmål 15 står det også at landa skal bevare og gjenopprette natur, i samsvar med sine forpliktingar i internasjonale avtaler. Ein av desse avtalene er konvensjonen om biologisk mangfald.

Desember 2022 blei FNs naturavtale vedtatt – ein internasjonal avtale som handlar om å redde og bevare natur- og biomangfaldet i verda. Avtalen har fire mål og 23 delmål, som alle land på FNs 15. naturtoppmøte (betre kjent som COP15) har forplikta seg til å nå innan 2030.

Kva gjer Norge?

Kva gjer Norge bra?

Vi har eit omfattande regelverk for berekraftig bruk og verning av naturen i Norge. Myndigheitene har utvikla fleire gode strategidokument. I 2024 vedtok også Regjeringen en ny nasjonal handlingsplan for naturmangfald.

  • Norge har over 3000 verneområde som skal sikre variasjon i naturen og bidra til å beskytte sårbare landskap, naturtypar og artar.
  • Av Norges fastlandsareal er rundt 17 prosent verna.
  • I 2024 hadde vi 48 nasjonalparkar i Norge. Nasjonalparkar er store naturområde med særeigne eller representative økosystem.
  • Nesten 100 prosent av skogsområda i Norge er godkjende av globale skogsertifiseringsordningar.

Norge vernar meir av skogen. I 2024 var 5,4 prosent av all skog verna. I 2010 var berre 3,5 prosent av skogen verna.

Kjelde: Miljødirektoratet / Regjeringen

Norsk natur sett frå toget på veg til Flåm i Vestland fylke. Foto: Abby Rurenko/Unsplash

Kva gjer Norge ikkje så bra?

Norge ligg ikkje an til å nå berekraftsmåla om å gjenopprette tapt natur, og er heller ikkje på veg til å kunne nå desse delmåla. Vi er også langt unna å oppfylle målet som er satt for å beskytte og verne økosystem.

Norge prioriterer ofte å utnytte ressursane i naturen, framfor å verne økosystem og naturmangfaldet. Myndigheitene har også blitt kritisert for ikkje å ta omsyn til naturen når nye bilveger, hytter og annan infrastruktur vert planlagt.

Norge har berre verna 56,8 prosent av landområde som er viktige for biologisk mangfald og 65,5 prosent av ferskvatnområde. Ifølgje FNs berekraftsmålrapport importerer Norge produkt som bidreg til at andre land øydelegg viktige område for biologisk mangfald. Desse tre problema gjer at Norge har store utfordringar med å nå dette berekraftsmålet.

Kjelde: Sustainable Development Report for Norge (2023)

Norge klarte ikkje å nå nokon av dei såkalla Aichi-målene om biologisk mangfald.

Kva gjer Norge internasjonalt?

Norge har har heldt pengestøtta som går til vern av regnskogar ved lag. Myndigheitene har auka finansieringa for å redde biologisk mangfald i land i det globale sør med mange hundre millionar kroner kvart år.

Internasjonalt er det viktig at Norge jobbar for, og sjølv følgjer opp, dei globale avtalane som handlar om vern av naturmangfald.

Medlemslanda i FNs konvensjon om biologisk mangfald, der Norge er med, har fått på plass ein ny internasjonal avtale, FNs naturavtale. Den tar sikte på å stanse og reversere tap av naturmangfaldet i verda.

Kjelde: Norges statusrapport om berekraftsmåla (2021)

Kva kan du gjere?

Organiser deg

Å omstille samfunnet vårt til å bli berekraftig krev større endringar enn at du og eg som forbrukarar endrar våre vaner og vår livsstil, sjølv om det og er viktig. Større samfunnsendringar må til, og du kan spele ei viktig rolle i denne samfunnsendringa gjennom politisk engasjement, for eksempel i eit parti eller ein organisasjon som jobbar for å ta vare på natur og dyrearter.

Ver ein bevisst turist

Sjekk korleis turoperatørar opererer før du vel, og sjå til at dei tar omsyn til natur og miljø og ikkje skadar leveområda til dyr og natur. Ver og ein ansvarlig turist sjølv, og oppfør deg som ein gjest.

  • Respekter naturområda du besøkjer og dyra som lev der.
  • Ta med deg søpla di heim.
  • Pass på at du ikkje skadar områda du besøkjer på nokon måte.
  • Unngå turoperatørar som profitterer på å utnytte ville dyr.
  • Unngå å kjøpe elfenbein og produkt laga av truga dyreartar eller tropisk tømmer. Slike produkt kan og vere forbode å ta med heim til Norge. (Du kan lese meir om dette hos Miljødirektoratet.)

Sjå og: 12 smarte tips for korleis å bli ein berekraftig turist

Et berekraftig og etisk

Ifølgje Helsedirektoratets kostråd 2023 vil det hjelpe naturen, klimaet og deg sjølv å ete meir grønt, frukt, fullkorn og belgvekstar, og frukt og grønsaker i sesong. Et gjerne mindre animalske produkt, som kjøt, egg og mjølk, då det har ein høgare belasting på miljøet og klimaet enn proteiner frå planter som bøner og linser.

Bruk naturen med respekt

Kan du for eksempel velje skismørjing utan skadelege kjemikal når du skal på tur? Ta og med ein søppelpose i sekken, og ta med deg ditt eige avfall og eventuelt søppel du måtte kome over når du er på tur. Ta omsyn til dyra som lev der, og la dei vere i fred. Om du for eksempel kjem over fuglar i hekketida, ikkje gå for nær reiret og ungane deira.

Ta vare på insekta

Bier og humleartar er under press. Dei treng landingsplassar med ville blomar der dei kan få næring. Om du har hage kan du behalde den naturlege vegetasjonen som var der, eller plante ei blomstereng. Har du ein balkong eller terrasse, kan du fiffe opp denne med blomar som insekta føretrekk.

Vel berekraftig mote

Produksjon av klede har ei stor belasting på miljøet. Produksjon og transport av klede fører til CO2-utslepp. Farging og behandling av tekstilar og skinn brukar ofte skadelege kjemikal som blir slopne rett ut i naturen. Kjøp brukt, kjøp mindre og invester i klassiske, tidlause kvalitetsprodukt du blir glad i, og som kan bli brukt år etter år. Ein trend i tida er å byggje seg opp ein «kapselgarderobe» – det vil seie å eige ei handfull tidlause kvalitetsplagg som kan bli kombinert på mange måtar, framfor å handle mykje klede og såkalla «fast fashion».

Ver ein berekraftig forbrukar

Alle ting som blir produsert krev energi og naturressursar. Alle ting vi eig har eit miljøavtrykk, og nordmenn har eit høgt forbruk samanlikna med dei fleste andre land. Kjøp berekraftig, kjøp brukt eller lån av nabo, vener og familie om det er noko du sjeldan treng. Spør deg sjølv når du handlar i butikken: treng eg virkelig dette?